Om Pryd & Brukskunst


Pryd & Brukskunst 
blei starta av Margit Myklestad for ca 60 år sidan. Ho starta i eit lite hus kalla Tennefosshuset
nede i Sogndalsfjøra. Etter nokre år flytta ho butikken ned til Sentrumsbygget, og blei der til 1982. Etter 28 år i same lokalet flytta Pryd & Brukskunst våren 2016 inn i nye lokaler i parkvegen 5. Her har butikk og bunadsavdeling fått plass på samme plan i lyse og romslege omgivelser.Rita Navarsete starta i butikken i juni 2000 og kjøpte den i 2007. Pryd & Brukskunst er eit kjent navn når det gjeld bunader. Ho satsar på lokalt handverk med lange tradisjonar.

Butikken har eiga systove med tre syersker som er både dyktige og nøyaktige. Dei legg sjela si i alle sognebunader, slik at dei blir unike og spesielt tilpassa den enkelte. Dette er ein butikk med mange ulike konsept. Gull, sølv, klokker, sølvbestikk, gåveartiklar, pledd, tøfler mm. Du finn alt til dåpsbarnet, konfirmanten og bryllaupet. Og ikkje gløym morgongåva til din kjære. Her finn du gåver i alle prisklassar, og sjølvsagt alt til sognebunaden.